Framtidsstilling i Sogn og Fjordane Skogselskap

Sogn og Fjordane Skogselskap trappar opp verksemda, og skal tilsetje den framtidige daglege leiaren i Skogselskapet.

Om oss
Sogn og Fjordane Skogselskap er eitt av dei regionale Skogselskapa i landet og driv allsidig verksemd for å fremje skogen sin mangsidige verdi og arbeide for eit godt skogbruk. Vi har ein eigedom på 800 dekar på Brandsøy ved Florø med kontor i driftsbygning der det tidlegare var planteproduksjon. No er det utleigeverksemd med mellom anna golfklubb og hestesportssenter på eigedomen. Mykje av aktiviteten i Skogselskapet skjer i form av prosjektarbeid. For tida driv vi motivasjonsprosjekt for skogkultur, skogsvegplanleggingsprosjekt og organisering av ymse korte skogbrukskurs. Nye prosjektsatsingar er aktuelle, også retta mot ålmenta og barn og unge.

Bemanninga
Pr. i dag har vi tilsett ein senior som dagleg leiar i halv stilling, pluss to skogsvegplanleggarar i full stilling. Senioren vår skal halde fram med engasjement for Skogselskapet. Overgangen til ny dagleg leiar skjer etter nærmare avtale med den som vert tilsett – straks eller noko seinare.

Kvalifikasjoner

  • Vi søkjer etter ein allsidig, fleksibel person med solid kunnskap om og hjarte for skog og skogbruk.
  • Det er ynskjeleg med kunnskap om skogsvegplanlegging, då leiing av og operativ deltaking i skogsvegprosjektet vert ei av oppgåvene frå starten av.
  • Den som vert tilsett, må ha godt grunnlag for skriftleg og munnleg kommunikasjon, engasjement for å spreie skog- og skogbruksinformasjon gjennom alle aktuelle kanalar og gode IT-kunnskapar.

Arbeidsoppgåvene
Leiing av og aktiv deltaking i alle aktivitetane i Skogselskapet – prosjekt og dagleg drift. Generelt administrativt arbeid, eigedomsforvaltning og sekretærarbeid for styret og andre skogbruksorgan vil inngå i arbeidsoppgåvene. Løn og andre vilkår etter avtale.

Informasjon og søknad
Nærmare informasjon om stillinga får du ved å kontakte styreleiar Terje Engvik, tlf. 975 17 111, e-post terje.engvik@enivest.net.
Søknad med CV sendast pr. e-post til same adresse eller via Finn-portalen seinast 15. september, gjerne så fort som mogleg.

Print Friendly, PDF & Email