Skogeierguiden 5: Lønnsom skogsveg

I en artikkelserie rettet mot nye skogeiere har Skogselskapet i Rogaland fått tips fra flinke fagfolk om noen grunnleggende tema innen skog. Skogsveg kan lønna seg for deg som er skogeigar

Ein skogsveg er ein bil- eller traktorveg som blir bygd til å tene skogdrift. Bygging av skogsveg kan gi deg som skogeigar økonomisk gevinst i form av lågare transportkostnadar under hogst. Samstundes blir det lettare å skjøtta skogen og mindre kjøreskader i terreng.

 

Fleirbruk og økonomi

Det er ikkje berre under hogst og skogsarbeid at du får glede av skogsvegen. Mange skogeigarar veler å legge opp til fleirbruk av vegen. Skogsveger blir populære turvegar, og kan i tillegg til tømmerdrift bli brukt til trening og rekreasjonsformål. Nokre stader samarbeider skogeigar med idrettslag som brukar skogsveger aktivt blant anna til jogging og skigåing i skogsområder som elles ville vore uframkommelige for mange.

Vegen kan og bidra til økonomien, då den aukar taksten på eigedommen og kan generere nokre kronar i kassa gjennom å ta betalt for passering og parkering med bil.

 

Når lønner det seg med skogsveg?

Dei som har hogstmoden skog som ikkje står lett tilgjengelig bør vurdere å bygge skogsveg. Planlegg slik at du bygger veg før du byrjar ein hogst. Skogsvegar kan mange gonger bidra til lågare driftsprisar ved uttak på grunn av kortare transport i terrenget. Ein må vurdera om skogsvegen vil utløysa stort nok volum og høg nok transportsparing til at vegbygginga vil svara seg økonomisk. Dette er noko skogansvarleg i kommunen kan gi råd om.

 

Spleis med naboen!

Under planlegginga av hogst og veg er det naturleg å sjå på kva vegnett som finst i området frå før. Kan dette forlengast eller bør ein byggja nye vegar for å få dei mest optimale løysingane? Det kan vera økonomisk lønsamt å samarbeida med naboar. Då kan løysingane bli betre og utgiftene kan bli fordelt på fleire. Eit samarbeid kan og ofte gi høgare tilskot. Dersom ein vel å samarbeide om ein veg, er det lurt å stifte eit veglag som har ansvar for vegen.

Skogsvegar er ein viktig del av infrastrukturen i skogbruket. Det er bygd om lag 50 000 km skogsveg i Noreg, og i Rogaland har det dei siste 5 åra blitt bygd 14km veg kvart år, primært til skogbruksformål.

 

Planlegging av veg

Før du går i gong med eit vegprosjekt, tar du kontakt med skogbruksansvarleg i kommunen. Her kan du få gode råd på om det vil svara seg å byggja veg, og om du bør prøva å få til eit samarbeid med fleire. Kommunen kjenner og til kva tilskotsordningar som er tilgjengelige ved skogsvegsbygging og kan hjelpe med søknad.

Ved større veganlegg vil det vera hensiktsmessig å bruka ein vegplanleggjar. Her kan ein få hjelp til å finna dei beste løysingane til vegen og kvar ein vegtrasé bør bli lagt. Ein kan få hjelp til grovstikking av vegen i tillegg til områdeplanlegging, slik at ein får oversikt over kva område som soknar til den aktuelle vegen. Dette kan vera grunnlaget til ein søknad om bygging av landbruksveg som skal sendast til kommunen.

Når vegen har fått byggjeløyve, kan ein søkje tilskot. Dette skal sendast til kommunen der eigendommen ligg. Skogbruksansvarleg i kommunen sender søknaden vidare til Fylkesmannen. Her er det skogavdelinga til fylkesmannen som vurderer om vegprosjektet er ei forsvarlig og god løysing og om det er grunnlag for å gi tilskot til vegbygginga. Normalt ligg tilskot til skogsvegar mellom 40-60% av byggekostnaden, og kanskje endå høgare om ein samarbeider med fleire (50-70%). I nokre kommunar kan ein også søkje kommunale tilskot til vegbygging. Det finst ganske gode tilskotsordningar til vegbygging, men dette kan variera etter kva område vegen blir bygd i. Ofte vil ikkje arbeid som vegplanleggjaren har gjort før ein har fått tilsegn om tilskot på vegen bli fakturert.

Rekordstore løyvingar: Regjeringa med Jon Georg Dale i spissen har i 2017 løyvd 135 millionar kroner til skogsvegar. Det er ny rekord og ein dobling frå bevillinga 2013. Desse bevillingane kan komme deg som skogeigar til gode ved å auke lønnsemda ved hogst.

 

Bygging av veg

Etter at ein har fått tilsegn om tilskot, blir vegen detaljplanlagt av vegplanleggjar. Denne planen blir grunnlag for ein anbodsrunde der entreprenørar gir pris på bygging av vegen. Prisen blir ofte presentert som kr/meter ferdig veg. Gjennomsnittlig pris på ein ferdig bilveg er 740 kr/meter og 550 kr/meter for tung traktorveg.  Skogeigar, eller veglaget, avgjer kva entreprenør ein vil bruke. Vurdering som må takast ut frå pris og/eller kvalitet. Ein bør følgje med på at vegen blir bygd slik det er avtalt i kontrakten. Vegplanleggjar kan vera med og sjekka kritiske punkt under bygginga. Det er enklare og billigare å retta opp eventuelle feil undervegs.

Med passande reiskap og maksinar kan du som skogeigar få lågare pris ved å utføre nokre arbeidsoppgåver sjølv. Til dømes å rydde vegetasjon som står der vegen skal byggjast.

 

Ferdigstilling

Når vegen er ferdig, skal det meldast inn til kommunen at vegen er fullført. Kommunen skal då ut og kontrollera at veganlegget er bygd i tråd med krava. Til gjennomføring av kontrollen blir det brukt eit skjema med fleire sjekkpunkt, og dette skal signerast av kommunen som dokumentasjon på at vegen er ferdiggodkjent.

Etter ferdiggodkjenning ber du om å få sluttutbetaling av tilskot. Du sender då inn utfylt rekneskapssamandrag med dokumenterte kostandar til kommunen. Kommunen reviderer og godkjenner rekneskapet og kontrollerer dei faktiske utgiftene. Utfylt rekneskapssamandrag saman med resultatkontrollskjema blir sendt vidare til Fylkesmannen for godkjenning og utbetaling av tilskot fordelt på den enkelte skogeigedommen.

Skogrådgjevar i kommunen og vegplanleggjar kan hjelpa med råd og rettleiing gjennom heile prosessen. Folk må ikkje vera redde for å ta kontakt og spørja om stort og smått som dei lurar på. Det er også laga ein eigen nettstad for skogsveg, denne finn ein på Skogsvei.no

<- Tilbake

Andre nyheter fra Rogaland