Sogn og Fjordane Skogselskap har gleda av å ynskje Ruben Bøtun velkomen som ny dagleg leiar frå 1. januar 2021.

Sogn og Fjordane Skogselskap trappar opp verksemda og tilset dagleg leiar i full stilling frå 2021. Vår røynde seniormedarbeidar Svein Saure vil halde fram i deltidsstilling.

— Eg gler meg til å ta fatt på dei mange spennande oppgåvene som ventar i skogselskapsorganisasjonen, seier Ruben Bøtun.

Ruben kjem frå ei stilling som skogbruksplanleggar/ prosjektleiar i ATSkog og har ein solid bakgrunn for jobben som ventar i Skogselskapet. Han har tre bachelor-grader: Skogbruk, naturforvaltning og idrettsfag og har i tillegg til praksisen i skogsamvirket yrkeserfaring frå England og Zambia.

Sjølv om den nye daglege leiaren ikkje tek til i jobben før ved årsskiftet, vil han tjuvstarte litt med deltaking på viktige arrangement i skogselskapsorganisasjonen i haust.

Print Friendly, PDF & Email