Medlemsmøte tysdag den 2 april

 

Til Medlemmane i Sogn og Fjordane Skogselskap

Skogselskapet vil arrangere eit medlemsmøte, det vi tidelegare kalla seniorsamling tysdag den 2 april frå kl. 10,30.

Vi startar med ei inne økt der leiaren vil orientere om drifta i Skogselskapet og informasjon om prosjekta som Skogselskapa har i drift. Det vert og drøftingar om framtida, medlemsverving og om det nye fylket vi er på veg inn i bør få betydning for måten vi er organisert på.

Det er denne gongen ikkje planlagt nokon vanleg dugnad, men vi har fått ei fagleg utfordrande oppgåve som vi tenkjer høver godt.

 

Flora kommune skal bygge storhall, fullskala fotballhall inne i den gamle granskogen der skytebana var tidelegare. Dei har bedt om ei vurdering av kor mykje skog som må hoggast, og eg var på ei synfaring med folk frå kommunen.

Det som er eit vanskelegare spørsmål er om det i det heile er mogeleg å behalde resten av skogen etter å ha opna eit så stort hol inne i skogen. Det har i lengre tid våre gjort inngrep i randsona mot Vest og NV, og det er no eit spørsmål om dette er siste standarden som opna veggen på huset så det blåser flatt. Arealet er stadvis grunnlendt og med fuktige parti så rotsystemet ligg nok ganske grunt. Likedan vert det i samband med anleggsdrift mogeleg å ta ut tømmer, seinare vert det truleg vanskeleg å kome inn med tyngre driftsutstyr for å hente ut dei ganske store tømmermengdene som er i området 500 til 1000m3 etter kor stort område som vert avverka.

Å vurdere tømmermengde, driftspris og rot netto er naturleg eit spørsmål for Vestskog eller andre tømmeraktørar. Vi bør vurdere om det er mogeleg å behalde resten av skogen som ein parkskog, eller om ein bør ta ut tømmeret og plante  ny gran eller sitkagranskog eller vurdere om ein kan tenkje andre treslag, og blanda bestand. Dette vil gje mindre produksjon og dermed berre om lag 30% karbonbinding i forhold til gran. Ein slik skog kan vera meir stormsterk. Dersom ein vel større treavstand for å minske høgdevekst vil dette og truleg gje eit kraftigare rotsystem. Slike spørsmål burde vera eit interessant tema for  Skogselskapet.

Det vert som vanleg kaffi og litt å bita i når folket kjem og ei slag kjøttsuppe/ sodd før vi reiser på synfaring til Florø.

For å kunne rekne mengde mat er fint om dokke gjev melding om de har høve til å møte innan 30 mars.

Med helsing

Sogn og Fjordane Skogselskap

 

Svein Saure

sekretær

<- Tilbake

Andre nyheter fra Sogn og Fjordane