Innkalling til årsmøte og skogdag 13. juni 2019

Kjære medlem av Skogselskapet i Rogaland!

Velkommen til ope årsmøte og skogdag den 13. juni 2019 i Årdal i Ryfylke.

Oppmøte på Høiland gard, Kyrkjevegen 186, Årdal, kl. 10.00.

Vedlagt ligg program for dagen, og digital utgåve av årsmelding og rekneskap. Papirutgåva av årsmeldinga blir delt ut på årsmøtet.

Velkommen til ein spennande dag for alle med interesse for skog, klima og natur, både medlemmer og andre interesserte!

Send påmelding innan 7. juni til rogaland@skogselskapet.no eller mob. 415 67 572, slik at vi har mat nok til alle.

Innkalling og sakspapir årsmøte

Årsmelding Skogselskapet 2018

Print Friendly, PDF & Email