Skogselskapet sine eigedommar:

Hansaskogen i Vindafjord har eit totalareal på 750 daa og produktivt areal på 330 daa. Store deler av eigedommen blei planta med gran og sitkagran på 1960 og 70 tallet og har i dag god tilvekst. Det står ei skogkoie på eigedommen og jakta blir utleigt.

Breidablikk på Finnøy har eit totalareal på 48 daa, mest heile arealet er produktivt (superbonitet). Skogen er nytta til forsøk av Norsk institutt for skog og landskap, med m. a. eit nyare proveniensforsøk (1983) med sitkagran.

Axel heibergs plantefelt ( Auestadskogen) i Gjesdal har eit totalareal på 340 daa og produktivt areal på ca. 175 daa. Også her er det lagt ut mange forsøksflater, fleire produksjonsflater med ulike granarter. jakta er utleigt.

Storskogen (Lomeland) i Eigersund har eit totalareal på ca 470 daa, ca 310 daa er produktiv skog. Store delar av skogarealet er lagt ut til forsøk, for det meste ein lang rekkje produksjonsforsøk med mange ulike treslag, både bartre og lauvtre.

Print Friendly, PDF & Email