Arealbruk i ei grøn framtid

Skogselskapet i Rogaland og Fylkesmannen samarbeidar om å arrangere seminar og utferd i samband med årsmøte kvart år. Det blei satt deltakarrekord på årets seminar. Blant høgdepunkta var då Geir Polestad sa han ønskte seg ein ærligare diskusjon om miljøvern versus skogbruk og da Erik Eid Hole frå Energigården presenterte eit nytt verktøy for å måle utslipp og binding av CO2.

Årets skogfaglege seminar samla rekormange deltakarar, 110 personar møtte for å høre foredrag under tittelen «Arealbruk i ein grøn framtid». Fylkesmannen i Rogaland Magnhild Meltveit Kleppa inleia det hele og slo fast at på trass av et begrensa skogareal i fylket gjer den doble tilvekste i Rogaland samanlikna med resten av landet skogbruk til ein viktig og framtidsretta næring i fylket.

Leiar i Stortingets næringskommitè, Geir Pollestad, høstet anerkjennande nikk fra salen både da han etterlysa ein mer ærlig diskusjon rundt skogbruk og miljøvern og da han oppfordret til å krevja fleire offentleg bygg i tre, slik som det nye regjeringskvartalet.

Knut Harald Dobbe i frå Fylkesmannen ga oss ein oversikt over hvem som har ansvaret for arealspørsmålane som dukkar opp og kva for rammar ein jobber under, før Robijne Verstegne frå planavdelinga i Sandnes kommune beskreiv dei praktiske utfordringane kommunen må forhalde seg til i slike spørsmål. Ordførarane i Gjesdal og Bjerkreim kommune, Frode Fjeldsbø og Torbjørn Ognedal, avslutta formiddagsøkta med å fertelja om korleis dei planlegjar arealforvaltninga i deira kommuner.

Det var rekordsstort deltakartal på seminaret arealbruk i ei grøn framtid, med omtrent 110 deltakarar. På første rad sit Knut Harald Dobbe frå Fylkesmannen i Rogaland som eit tent lys.

Etter ein betre lønsj startet Jon Olav Brunvatne frå Landbruks – og matdepartementet ettermiddagsøkta med å beskrive kva som skal til for å innfri dei globale og nasjonale klimamålane. Skal Noreg ta sin del av naudsynt skogplanting globalt for å klara 2 gradersmålet må me planta heile 10 millioner dekar skog.

Leiar i Rogaland Bondelag Ole Andreas Byrkjedal ga oss betraktningar sett frå bondens ståstad om kva som skal til for å sikre areal til skog og grasproduksjon i framtida før styreleiar i Vestskog Halvor Brosvik fortalde om skogbruket i fylket.

Erik Eid Hohle, dagleg leiar i Energigården AS, fortalde om oss om sitt konsept og det blei vist stor interesse for deira nye klimakalkulator i frå salen. Avslutningsvis fortalde Ingeborg Anker-Rasch om klimaskogsatsinga i Rogaland, ein meget lukrativt sjanse for grunneigare i fylket til å få satt sine areal i produksjon som både skapar verdiar og samtidig gir eit bidrag til å senke CO2 konsentrasjonen i atmosfæra.

Powerpointpresentasjonene legges ut på Facebooksiden til Skogselskapet.

 

Utferd i Gjesdal

Dagen etter seminaret vart det arrangert utferd rundt om i Gjesdal kommune. Første stopp var eigedommen Auestad.  Auestad blei av dagleg leiar Erik Faye-Schjøll omtalt som eit kroneksempel på god skogforvaltning frå tidlegare. Her veks fleire treslag side om side i forsøksfelt som Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) samlar inn data frå. På eit felt stod det 110 m3 tømmer på kvar dekar, noko som er formidabelt i norsk skogbruk.

Kratt skal bli til draume-klimaskog

Etter ei lita vandring gjennom et felt med granskog stod vi på ei mark med einerkratt og gult gras, kor Ingeborg Anker-Rasch, prosjektleiar i klimaskogpilot-prosjektet i Rogaland fortalde om planar for å plante klimaskog. – Klimaskogprosjektet handlar om å plante skog for å binde CO2. Samtidig som vi tek vare på miljøet etter strenge kriterier. – Faye-Schjøll la til at Skogselskapet ville forsøke å maksimere både klima og mangfaldseffekten ved å plante i mosaisk struktur, og inkludera ein del lauvtre saman med hovudtreslaget norsk gran. På den måten kan vi skape eit godt miljø for mange ulike vesen og planter, samtidig som skogen støvsugar atmosfæren for CO2. – Klimaskogprosjektet er eit fantastisk godt tilbod til grunneigarar som ynskjer å auke verdien på si eigedom samtidig som fotosyntesen blir utnytta for å dempe klimaendringane, avsluttar Faye-Schjøll.

Rekreasjonsskog utan skogbruksplan

Litt seinare på dagen gikk utferda vidare til Edlandsskogen, der temaet var tilrettelegging for rekreasjon og friluftsliv i skogen. Edlandsskoegn er regulert av kommunen til friluftsliv og eit svært populært turområde blant lokale, men det finnes ingen planer for korleis skogen skal drivast. Tidlegare skogbrukssjef i kommunen Arnt Mørkesdal viste fram ein flott skog som kunne ha vore enno finare om det hadde blitt rydda litt mellom trea. – På den måten hadde skogen vekse betre, samstundes som den blei meir framkommelig for dei som brukar ho til rekreasjon.

Rekreasjon og friluftsliv i skogen var tema då Edlandsskogen vart besøkt på utferden.

<- Tilbake

Andre nyheter fra Rogaland