Om oss

Fakta om skogselskapet

 

Det norske Skogselskap er ein landsomfattande medlemsorganisasjon med 12.000 medlemmar. Det er 19 fylkesskogselskap. I Telemark Skogselskap er det 375 skoginteresserte medlemmar, pluss at alle skogeigarlaga er med.

Visjonen til Skogselskapet er at alle menneske skal oppleve skog som ei verdfull kjelde til livskvalitet.

Målet er at Skogselskapet skal fremje forståing for skogens mangesidige betydning og arbeid for auka verdiskaping og ein langsiktig berekraftig forvalting av skogen.

Skogselskapet lagar kurs og materiell for undervisning i skule og barnehage, for eksempel spikkekampanjen Gjør et spikk, som gir barn sjansen til å oppdage gleda ved å spikke. Informasjon om kurs og undervisningsmateriell finst på nettsida www.skogselskapet.no

Her finst også mangfaldig informasjon om skog og tre.

Skogplanting og skogkultur har alltid vore viktige saker for skogselskapet. Det norske Skogselskap vart stifta 26. september i 1898 på initiativ frå konsul Axel Heiberg. Han var også formann og dagleg leiar dei første 25 åra. Formålet til organisasjonen var frå starten «at arbeide for Bevarelsen og Udviklingen af Landets Skogbestand», «at skabe Interesse for skogkultur» og «at opmuntre til Dannelse av Træplantningsselkaber rundt om i landet».

 

Mange av planteskulane er heilt eller delvis eigd av skogselskapa. Telemark Skogselskap eig 61,6 prosent av Telemark Planteskule, resten eig AT Skog og nokre skogeigarar.

Skogselskapet har også lenge vore opptekne av skogens si rolle for klimaet og den evna skogen har til å fange klimagassen CO2. Når det blir snakka om skog og klima tenkjer mange på regnskog, men barskogbeltet på den nordlege halvkula er også svært viktig for korleis vi vil ha det på jorda i framtida. Derfor er både skogplanting, skogkultur og informasjon om skog i høgste grad viktige oppgåver for Skogselskapet.

Som eit resultat av det som skjer med klimaet har også skogen som energileverandør vorte endå meir aktuell. Det er også ei av hjartesakene til Skogselskapet. Det står meir om både satsingsområde og historie på skogselskapets nettsider.

I Telemark er den store skogstanden på Dyrsku`n, Telemarksskogen, ei viktig oppgåve for Skogselskapet. Det er ein plass for skogprat for dei som vil det, eller ein kaffikopp og litt ro for dei som ønskjer det. AT Skog og Fylkesmannen står for standen, saman med Skogselskapet.

Kontaktpersonar:

Styreleiar i Telemark Skogselskap er Hans Olav Lahus, holahus@online.no, 35 94 77 60, 922 46 783  

Skogkonsulent: Marta Kjøllesdal, 35 95 54 15, 976 88 692

Styret i Skogselskapet består elles av: Peder Aarø, nestleiar, Guro Vale Kvavik, Tor Erik Baksås og Jon Ingebretsen.  Frå Fylkesmannen møter Liv Aakre.

Fylkesselskapene
Her finner du alle
fylkesskogselskapenes sider
Bli medlem
Du kan enkelt bli medlem av
skogselskapet
Nyhetsbrev
Få siste nytt fra Skogselskapet
Meld deg på
 
Utviklet av 07 Web