Skogselskapets diplom til tre gode skogbrukarar
I år har styret i Telemark Skogselskap delt ut Skogselskapets diplom til tre personar med lang fartstid i skogen. Jarl E. Bakken og Torleiv O. Veum Skogselskapets diplom under årsmøtet i Fyresdal og på den årlege skogdagen i Bamble fekk Hallvard Håvardsen utdelt sitt diplom.

Torleiv O. Veum har drive garden i 37 år, men nok vore aktiv i skogen både før og etter. Han har også vore i styret i Skogselskapet.
Jarl E. Bakken er framleis aktiv som skogforvaltar for Iver Juel, sjølv om han no trugar med å slutte når ha fyller 90 til hausten. Før han vart pensjonist arbeidde han blant anna mange år som driftsplanleggar. Han starta som skogtaksator i 1944.
Hallvard Håvardsen har også hatt det meste av sitt yrkesaktive liv knytt til skogbruket.
Styret i Skogselskapet tek mot forslag på kandidatar til å få diplomet. Det er gjerne folk med lang og tru teneste i skogen, både praktikarar og organisasjonsfolk kan vere aktuelle kandidatar.



Tips en venn