Klimabevisst Stavangerruss plantar skog
Stavangerrussen blir i år premierte med trippelknute om dei plantar 10 tre i løpet av russetida. Eit femtitals russ møtte opp då Skogselskapet i Rogaland arrangerte treplanting på Foss-Eikeland ved Gandal torsdag 6. mai.

Årets russestyre har i år ønska å ha eit knutereglement som i større grad enn tidlegare tek omsyn til at russefeiringa skal vera noko alle kan delta i, og har laga fleire knutereglar som dei fleste finn akseptable. Ein av dei nye knutereglane er at russen ved å plante 10 tre får trippelknute i lua.
Skogselskapet i Rogaland har stor sans for denne knuteregelen, og inviterte russen til plantedag på Foss-Eikeland. Skogbruksjef i Sandnes kommune, Arnt Mørkesdal, hadde funne fram til eit egna område der det skulle plantas lerk. Skogselskapet stilte mannssterke opp med plantar, planteutstyr og grillmat, og ga russen opplæringa dei trengde for å få planta dei 10 trea på høveleg vis.
Globalt sett står avskoging for om lag 20% av klimagassutsleppa. I Noreg har vi derimot tradisjonelt vore så flinke til å gjere nettopp det russen no har gjort, at nettotilveksten i dei norske skogane årleg bind om lag halvparten av dei menneskeskapte utsleppa. Dette er eit flott miljøtiltak av russen. For det fyste bind skogen CO2 i lufta, og for det andre så kan trevirke brukas til for eksempel husbygging, papir eller bioenergi etterpå, forklarar fylkesskogskjef Lars Slåttå som hjelpte til på treplantingsdagen.
Både lokalavis og lokaltv var til stades i skogen.
www.aftenbladet.no/russ/article1201391.ece
www.nrk.no/nett-tv/indeks/212566/





Kommentarer til artikkelen
Legg til ny kommentar: