Ny leiar i Pyntegrøntlaget
Erik Dahl takka av som formann i Telemark juletre- og pyntegrøntlag på årsmøtet 11. mars. Ny leiar vart Øyvind Nystein.
Wenche Jonassen og Johannes Eika kom inn som nye styremedlemmer etter Dahl og Peder Glittum som også takka for seg. Per Kveim vart attvald og Peder Glittum stod ikkje på val.
Det er 24 medlemmar i laget, det har gått litt ned siste åra. Men det er ei næring i vekst. I 2007 vart det planta 912.000 juletre på landsplan. I 2012 er det venta at det blir planta 1,6 millionar. Det opplyste Steinar Haugse frå Norsk Pyntegrøn Forsøksring på årsmøtet.
Samtidig har importen av juletre gått ned og eksporten opp. Og det er rom for meir tre til utlandet. Den europeiske marknaden blir stipulert til å vere på 120 millionar tre av ein av salsorganisasjonane.
Laget arrangerte fire fagdagar i fjor. Ein av dei var eit kurs for nystartarar. Den avtroppande formannen var godt tilfreds med kurset, men kanskje ikkje heilt med oppmøtet av nye potensielle dyrkarar. Men han meinte styret bør diskutere om det skal køyre eit nytt kurs i år. Det har meld seg folk som er interessert i å delta.







Tips en venn