Når du grøne, glitrande ikkje lenger er så grønt…
20. dag , eller var det 13. dag, -knut, jagar jula ut, eller noko slikt. No er det snart over for denne gong, jula er på hell. Dei med god plass, eigen skog og vedproduksjon tenkjer kanskje ikkje så mykje over det, men for dei som tel utearealet i kvadratmeter er situasjonen ein annan.
Kva gjer ein med juletreet etter at det er kome ut døra?
Ein ting kan vi kanskje vere einige om, det treng ikkje å fylle opp den kommunale søppeldunken, i alle fall ikkje for andre enn dei som bur i blokk.
Kvister til å dekke sarte roser i skarp vårsol og stammen til klatrevillige erteblomster er eitt tips. Bioforsk har fleire, les her



Tips en venn