Hald utkikk etter haustskot

Kikk etter haustskot når du går tur i skogen! Det ser ut til å vere eit veksande problem.  Ved Skog og landskap arbeider dei for å få i gang forskingsprosjekt på problemet og er interessert i tips om skadar.



Forskar Harald Kvaalen, ved Skog og landskap, er ein av dei som arbeider med å kartlegge problemet og finne årsaka. Så langt ser det ikkje ut som problemet er større i planta enn i naturleg forynga skog.

Slike skadar kan føre til at stokken ikkje går til skurlast, men får dårlegare kvalitet.


Haustskot er observert i Follo, Vestfold og langs Trondheimsfjorden. Om det er eit problem i Telemark veit ikkje Kvaalen, men han vil gjerne ha tilbakemeldingar frå folk som finn haustskot.

 

Haustskot i Øvre Bø, truleg naturleg forynga tre.

 

Dei to blida i denne saka er tekne av tre i ei vegskråing i Øvre Bø, og Kvaalen har stadfesta at det er haustskot.


Klikkar du her kjem du til AT Skogs heimeside. I Nytt frå AT Skog nr 4 2009 står det ei sak om haustskot for dei som er interessert.

Fylkesselskapene
Her finner du alle
fylkesskogselskapenes sider
Bli medlem
Du kan enkelt bli medlem av
skogselskapet
Nyhetsbrev
Få siste nytt fra Skogselskapet
Meld deg på
 
Utviklet av 07 Web