- Skogplantar er ferskvare
- Plantar er ferskvare som egg og mjølk og mellomlagringa skal vere kort og god. Plantane skal ikkje dekkjast.
Det sa Kjersti Holt Hanssen, forskar ved Skog og landskap på eit møte på Telemark Skogplanteskule.
Under transport må dei dekkjast slik at dei ikkje tørkar ut. Men ved lagring skal plantane ikkje dekkjast, dei skal ha lys, understreka ho.
- Det er viktig at plantane får nok lys, spesielt når dei kjem rett frå
plantesenga. Dei skal ikkje dekkjast med nokon ting, heller ikkje plast. Plantane skal plasserast lyst, men skjerma for direkte sol. (Teksten held fram under bildet.)

Meir sårbare om hausten
Ho opplyste og at om våren når plantane kjem direkte frå kjølelager kan dei lagrast i eit par veker, men om hausten kjem dei rett frå plantesenga og kan ikkje stå så lenge før dei tek skade. Skal dei lagrast lenger enn to-tre dagar må ein dele buntane og setje plantane på bakken. Røtene må haldast fuktige, om nødvendig må det vatnast.
Den fysiske behandlinga av dei nye plantane er ein viktig faktor for kvaliteten på det skogeigarane set i jorda. Men ein stor del av dagens plantar er også resultat av bevisst avl og utplukking av plantar. Ved å bruke slikt frømateriale, som ein kallar foredla frø, kan ein oppnå minst ti prosent auke i produksjonen, opplyste Holt Hanssen. (teksten held fram under bildet)

Planteavl gir raskare vekst, men på vegen frå planteskulen til skogen må skogplantane behandlast som ferskvare, seier forskar Kjerstil Holt Hanssen.
Avl gir stor framgang
Årsaka til det er blant anna at ein vel ut dei trea som ser best ut og podar kvistar av dei inn i frøplantasjane. Og når avlstrea kjem i frøplantasjar unngår ein innavlen som blir i bestandane i naturleg forynga skog.
Når ein tek foredlinga eitt skritt lenger og ser på avkomet til trea på frøplantasjane kan ein oppnå endå meir. I avkomsgranskinga sår ein frø frå plantasjane og vurderer kvaliteten på trea ein får. Resultatet brukar ein til å sortere ut dei dårlegaste trea i plantasjane. - Gjennom eit slikt arbeid kan ein oppnå opptil 25 prosent framgang, sa Holt Hanssen. Ho viste også til at ein får stor avlsframgang på furu, noko som kan gjere planting meir interessant.
Men med plantemateriale som veks raskare må ein ha tettare planting for å få god kvalitet.
Tilpassa klimaendringane
- Ei anna effekt som viser seg på plantane frå foredla frø er at dei er tregare om våren, men veksten held fram lenger om hausten. Det er gunstig slik klimasituasjonen ser ut no. Klimaendringane ser ut til å føre til meir problem med vårfrost og då er det gunstig med plantar som startar veksten seinare, meiner Holt Hanssen.
Bruk av foredla plantemateriale er også eit viktig hjelpemiddel i kampen mot klimaendringane og er eitt av tiltaka i Klimameldinga til regjeringa. Brukar ein berre foredla plantar eitt år og plantar 40 millionar plantar vil det auke det årlege CO2-bindinga i norske skogar med ein million tonn CO2. I dag bind skogen 26 millionar tonn.



Tips en venn