IVAR RØV TILDELT SKOGSELSKAPETS ÆRESPRIS 2009
Ivar Røv fikk overlevert Skogselskapets ærespris på Vikaneset havhotel 30. april på årsmøtet til Skogselskapet i Møre og Romsdal. Det var leiar i styret Terje Kolstad som overrekte prisen.
Ivar Røv fikk overlevert Skogselskapets ærespris på Vikaneset havhotel 30. april på årsmøtet til Skogselskapet i Møre og Romsdal. Det var leiar i styret Terje Kolstad som overrekte prisen. Kolstad sa blandt anna dette, Ivar Røv har vel egentleg ingen formell utdanning i skogbruk, men har alltid vore interessert i skogbruk og i landbruk. Han starta å drive garden saman med May Karin Meisingset for ca 25 år sidan. Er så vidt eg har kjennskap til kårkaill no, men aktiv sådan. Det Ivar har vore opptatt av er skog, skogkultur og skogsak - Drift i skog som høyrer til garden, planting, etterarbeid vedproduksjon og tømmerhogst. Det i seg sjølv er vel ikkje så spesielt om han skal bli vurdert som kandidat til skogprisen, men interessa for skog må no likevel ligge til grunn.

Ivar har vore ein pådrivar for meir aktivitet i skogane i grenda, ja - i heile kommunen. Tillitsvald i Tingvoll skoglag og leiar i laget frå 2004-2008 sette fart i arbeidet hans med å få skogeigarane i kommunen til å drive skogen sin. Systematisk arbeid overfor dei som ikkje hadde drifta skogen sin på ei stund, utretteleg arbeid for å motivere, mobilisere og til å drive opplæring om skog og skogbruk er kjenneteiknet på arbeidet hans. Skogbruksplanane ut av skuffene, besøk og arrangement som skogvandring er noko han har drive mykje med. Kom det driftslag til kommunen, var Ivar der for å få eigarane til å gripe sjansen til å henge seg på.
Dugnadsmennesket Ivar er også talsmann for skogeigarane sin plikt til å drive og skjøtte eigedomen, initiere og arrangere opplæring for skogeigarane. Organisasjonsmennesket Ivar har vore frampå som talsmann for lokale interesser overfor Allskog, og han syntes det var flaut at ikkje skogkommunen Tingvoll ikkje hadde større aktivitet. Utolmodig overfor kommunal forvaltning har han og vore - og er framleis utolmodig fordi han syntes det skjer for lite.
Det var derfor naturleg å engasjere Ivar Røv som grendamann og salsmann i arbeidet med Fokus på Furu. Men han hadde sikkert likevel trakka ned dørstokkane til skogeigarane i Tingvoll med bodskapen at dei må engasjere seg for å skjøtte skogane sine. Engasjert og villig til slikt motivasjonsarbeid for skogsaken er vel kanskje nettopp kjenneteiknet hans Ivar Røv sa Terje Kolstad



Tips en venn