Årsmøte i Troms skogselskap.
Årsmøtet var torsdag 2. juli på Lyngseidet. Før årsmøtet var det skogdag i Karnes skog. Det var 41 frammøtte på skogdagens mens 37 møtte på selve årsmøtet.
Skogdagen
Skogdagen tok til klokka tolv med kaffe i Karnes skog (Rivertsskogen). På ein fin, men litt kjølig dag var det i alt 41 frammøtte.
Fagprogrammet starta med at skogbrukssjef Elisabeth Torstad fortalte om skog og skogbruk i Lyngen. Etter oppmoding sa skogeigar Randi Riverts nokre ord om skogen sin. Fylkesskogsjef Terje Dahl synte deretter fram plansjar der det framgjekk kor mykje av skogarealet i fylket som er økonomisk drivbart, og kor stor del av dei ulike vegetasjonstypane som er tilplanta med gran. Tala som er frå siste Landskogtaksering i 1992/93, og frå dei kommunale tiltaksplanane for skogbruk som vart utarbeidd på 1990-talet, syner at berre om lag førti prosent av skogarealet kan drivast økonomisk, og at granplantingane utgjer små areal av dei ulike vegetasjonstypane.

Ei framstilling av hogst og tilvekst i tromsskogane gjennom nittenhundretalet synte at tilveksten er mykje høgre i dag enn for hundre år sia, medan skilnaden på hogstuttaket ikkje er særleg stort. Av ein plansje over årleg utsette plantar frå 2001 til i dag, gjekk det klårt fram at det frå og med 2003 har vore nokre særs dårlege år som skogbruket slit hardt med å betre.
Etter desse innslaga vandra vi gjennom granplantingar frå 1920-talet. Her ligg det fleire produksjonsflater som er lagt ut av Norsk institutt for skog og landskap i 1958. Vi stansa opp ved produksjonsflate nummer 713, rute 2. Frå og med flatene vart lagt ut i 1958 til og med siste revisjon i 2002, er skogtilstanden på flatene målt 9 gongar. Det er planar om revisjon til neste år.
Første orienteringa her galdt produksjon, verdiavkasting og virke frå skogreisingsfelta:
I 1989 hadde óg Troms skogselskap sitt årsmøte i Karnes skog. Den gongen sto det 32 m3 pr. da på denne flata. I dag vil det stå over 60 m3 pr. da dersom ein nyttar same laupande tilvekst som ved siste revisjon i 2002. Forrutan at det har vor ein høg volumtilvekst, har det og vore ein stor verditilvekst pr. kubikkmeter som følge av at skurandelen av tømmeret har auka monaleg. Da dette er ei flate med høgt treantal (184), og enno liten middeldimensjon, vil verditilveksten halde seg høg og i åra som kjem.
Til Troms importerast det kvart år om lag 100 000 m3 skurlast. Dersom dette vert produsert i fylket, vil det, med visse føresetnader, i tillegg gje 350 000 m3 med toppar, kvist, bark, sagflis og bakhon og 100 000 m3 tømmer som massevirke. (Viktig føresetnader her er at skurtømmer og tømmer til massevirke kvar utgjer 50 %, og at skurutbytte er 50 %).
Skogbrukssjef Gunnar Kvaal tok for seg CO2 - binding i skog og stortingsmeldinga om klimautfordringane som vart lagt fram i vår. Han var òg inne på arbeidet med klima og energiplanane i kommunane. Han heldt fram at skogen i fylket truleg batt det koldioksydet som vart slept ut i fylket. Han var innom arbeidet med å få gjennomslag for skogen sitt bidrag, og på den motstand ein møtte frå miljø og naturvernhald i denne saka.
Fylkesskogmeister Brynjar Jørgensen hadde den siste orienteringa. Først synte han dei retningslinene skogeigarforbundet hadde utarbeidd for hogst i nærleiken av hønsehaukreir. Det er hønsehaukreir i mange av plantefelta, og dette feltet her var inkje unntak. Hønsehauken hadde reir ikkje så langt unna. Hønsehauken er raudlista her i landet, men ikkje i Sverige og Finland.
Det vart fortalt om statusen i arbeidet med kystskogbruket, og kva som var gjort innafor dei ulike tiltaka som var sette opp. Bygging av skogsvegar er eit av dei viktigaste tiltaka. Eit av dei problema ein støyter på her, er inngrepsfrie område (såkalte INON-område). Det vart synt fram eit kart over områda der det ikkje kunne byggjast skogsvegar som følge av dette.
Etter førespurnad vart det orientert om dei nye tilskottsordningane for hogst av virke til bioenergi.
Etter desse innslaga rusla vi til dei eldste plantingane i Rivertsskogen. Det sto att nokre tre etter hogst på åttitalet. Her fotograferte vi, og overrekte
Årsmøtet

Sverre Kulseng opna møtet med i alt 37 frammøtte og gav ordet til ordførar Hans Karlsen. Ordføraren ønska årsmøtet velkomen til Lyngen og fortalde om kommunen.
Kulseng gav ordføraren boka "Skogbruk i Nord-Norge" som ei takk og et minne frå årsmøtet.
Leiarens tale:
Dei eldre skogplantefelta vi har sett i dag, syner godt dei verdiane skogreisinga har lagt grunnlaget for. I dag slit vi med å få opp planteaktiviteten etter den kraftige nedturen for nokre år sia.
I arbeidet med å auke skogplantinga trekte leiaren fram meldinga om kystskogbruket frå 2008 og stortingsmeldinga om klima som vart lagt fram i vår. Begge meldingane har auka skogplanting som eit viktig tiltak for verdiskaping og CO2 binding. Ei føresetnad for dette er auka statstilskott til skogkultur.
Resultata av prosessane som pågår for vern av rik lauvskog og vern av skog på statsgrunn, saman med den nyss vedtatte lova om biomangfold, kan bli hemmande for eit aktivt verdiskapande skogbruk.
Leiaren nemnde og Tromskraft og Forsvarsbygg som to viktige kjøparar av skogsflis i fylket.
Årsmeldinga
Sekretæren gjekk gjennom årsmeldinga. Ho vart samrøystes vedtatt.
Terje Karlsen ga honør til årsmeldinga. Han tok opp problemet med elgbeiteskadar i skogen, og turistforeningas sin uttale til Friluftslova.
Rekneskapen
Rekneskapen vart lagt fram av rekneskapsføraren. Leiaren leste revisjonsrapporten. Rekneskapen vart samrøystes godkjent.
Val
Styremedlem: Geir Kvammen, Målselv med varamedlem Leidulf Olsrud, Tromsø vald.
(Leidulf Olsrud hadde bede om avløysing som fast styremedlem).
Leiar: Sverre Kulseng attvald.
Nestleiar: Viggo Johansen attvald.
Utsendingar til Landsmøtet i DnS i 2010: Leiar og sekretær
Revisor: Revisorene Helberg & Øverås A/S attvald.
Valnemnd
Elisabeth Torstad vald for 3 år
Frå før er Leif Evje, Kvæfjord, og Nils Nymo, Målselv, i valnemnda.
Arbeidsoppgåver framover.
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene i året som kjem vil vere drifta av Bardufoss planteskole og utleige av dei ledige lokala.
Etter at leiaren hadde ønska Geir Kvammen velkomen i styret og takka Leidulf Olsrud for innsatsen, var det middag og heimreise.



Tips en venn