Om oss

Skogselskapet er ein ideell organisasjon med vel 18 000 medlemer. Skogselskapet i Rogaland, stifta i 1899, og er eit av 20 fylkeslag i Det norske Skogselskap.

Alle kan bli medlem. Skogselskapet held deg orientert om siste nytt innan skog- og trebruk. Vi ønsker eit samfunn kor vi lever av naturens avkastning, og ikkje av naturens kapital. I Skogselskapets røyndom er ein skoggenerasjon på 100 år, det kortsiktige perspektiv. Langsiktig perspektiv er neste istid.

Vi ønsker at born og unge skal bli betre kjent med naturen. Saman med Skogbrukets kurssenter, byr vi difor grunnskulane fagleg bistand i uteskule, og vårt program "Lære med skogen" er landets fremste i sitt slag.

VISJON
Eit velferdsamfunn tufta på menneskets skaparevne
og hausting av naturens overskot

MÅL
Menneske ut i skogen og skogen inn i våre heimar - fram for trehus og treinteriør, biovarme, bøker og naturopplevingar

STRATEGIAR
Formidle kunnskap om skog og tre til skule, skogeigar og samfunn. Levere skogplanter av beste kvalitet til Vestlandsbonden

 

 

 

 

 

Fylkesselskapene
Her finner du alle
fylkesskogselskapenes sider
Bli medlem
Du kan enkelt bli medlem av
skogselskapet
Nyhetsbrev
Få siste nytt fra Skogselskapet
Meld deg på
 
Utviklet av 07 Web